Vedtekter

VEDTEKTER FOR VEFSN MUSEUMS- OG LOKALHISTORIELAG

§ 1:      FORMÅL

Vefsn Museum har til formål:

  • Å samle og ta vare på historisk materiale av ymse slag som har kulturhistorisk verdi og som speglar livet i Vefsn og på Helgeland, og vidare vere med på å formidle desse verdiane. Det som er samla og som seinare kjem til, skal høre Vefsn-bygdene til og skal tas vare på i samsvar med  museumsetikken nedfelt i ICOMs regelverk
  • Styrke og utvikle museets posisjon i samfunnet og fremje museets interesser overfor offentlege styresmakter, institusjonar og organisasjonar i Vefsn.
  • Utvikla vidare samarbeidet med Helgeland Museum


§ 2:      EIGARFORHOLD

Vefsn museums- og lokalhistorielag – avkorta VML – eig Vefsn museum


§ 3:      ORGANISASJON

VMLs styringsorgan er:

  • årsmøte
  • styret
  • valkomité


§ 4:      MEDLEMSKAP

4.1.VML har både personlege medlemer, institusjonsmedlemer og

æresmedlemer.

4.2. Styret fastset reglane for medlemskap og æresmedlemskap.

4.3. Medlemskapen gjeld til den blir sagt opp skriftleg, men ved manglande kontingentinnbetaling går medlemskapen ut følgjande år.

4.4. Når føresetnadene for medlemskap blir endra eller fell bort, kan styret seie opp medlemskapen. Slik oppseiing kan ankast inn for årsmøtet til endelig avgjerd. Slik anke gjev utsetting av oppseiing til første årsmøte .

 


5:         ÅRSMØTE

5.1. Årsmøtet er høgste organ i VML.

5.2. Ordinært årsmøte skal haldast årleg innan utgangen av juni månad. Tid og stad  for årsmøtet, og dessutan namn på medlemene i valkomiteen og deira adresse, skal gjerast kjent for medlemene på Internettet og ved avisannonse minst 1 – ein månad før møtedagen. I annonsen skal det opplysast at frist for innsending av saker som ein ønskjer tatt opp på årsmøtet er 3– tre – veker før årsmøtet. kfr. § 5.3.

5.3. Saker som skal opp på årsmøtet må være styret i hende innan

3 – tre – veker før årsmøtet.

5.4. årsmøtet vel sjølv møteleiing og fastset sin forretingsorden Årsmøtet vel 2 medlemer utanfor styret til å underskrive protokollen.

5.5. Årsmøtet er sett når lovleg innkalling er sendt i samsvar med desse vedtektene, og innkallinga er godkjent av årsmøtet.

5.6. Stemmerett har alle personlege medlemer og institusjonsmedlemer.

5.7. Styremedlemene og varamedlemer har stemmerett i alle saker unntatt årsmelding og rekneskap.

5.8: Ordstyrar kan gi ordet til gjester og observatørar.

5.9: Årsmøtet skal ha opp:

  • Innkalling
  • Sakliste
  • Årsmelding
  • Rekneskap
  • Årspengar/Kontingent
  • Val av styre, revisor og valkomité
  • Vedtekter / vedtektsendringar
  • Andre saker nemnde i innkallinga

5.10. Årsmøtet vél:

  • 3 styremedlemer med vararepresentanter. Dei tre vararepresentantane skal veljast i prioritert rekkefølge.Vefsn Mållag og Vefsn kommune nemner kvar opp 1 medlem med personleg vara.
  • Styreleiar og nestleiar; desse skal veljast blant styremedlemene.
  • Revisor
  • Valkomité

5.11:  Kandidatar til VMLs organ treng ikkje vere medlemer i VML.

5.12. Alle val og avrøystingingar, unntatt vedtektsendringar som krev 2/3 fleirtall, jfr. § 9, blir avgjorde ved simpelt fleirtal. Ved likt stemmetal, fell forslaget. Avstemming skjer skriftleg om noen krev det. Elles avgjer møteleiaren voteringsmåten.

5.13: Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte når minst 25 lagsmedlemer krev det. Møtet skal kunngjerast med samme frist som det ordinære årsmøtet. Ekstraordinært årsmøte tar for seg berre den/dei sakene som er nemnde i innkallinga.


§ 6:      STYRET

6.1. Styret har 5 medlemer, leiaren medrekna. Dei årsmøtevalde medlemene i styret er valde for to år, slik:

  • Vefsn Mållag nemner opp 1 styremedlem med personlig vara.
  • Vefsn kommune nemner opp 1 styremedlem med personlig vara.
  • Årsmøtet vel 3 medlemer, og i tillegg 3 vara i prioritert rekkjefølge.
  • Blir Vefsn Mållag oppløyst, skal årsmøtet velje 4 – fire – styremedlemer med 4 vara i prioritert rekkjefølgje.
  • Styret nemner opp kasserar.

6.2: Leiar og nestleiar skal veljast  for 1 år. Funksjonstida for øvrige styremedlemer er 2 år; unntatt er representanten for Vefsn kommune, valt for 4 år.

6.3: Styret leier VMLs verksemd og gjer vedtak i saker som ikkje er lagt til årsmøtet eller som årsmøtet har delegert.

6.4. Styret er vedtaksført når det er kalla inn og leiar eller nestleiar og til saman minst 3 styremedlemer er til stades.

6.5. Styremøte skal haldast så ofte som leiaren finn det nødvendig eller når minst 3 styremedlemer ber om det.

 

§ 7: VALNEMND

Valnemnda skal ha 3 medlemer valde av årsmøtet. Nemnda skal ha forslag til årsmøtevalde styremedlemer og varamedlemer, jfr. § 5.10. Videre skal nemnda ha forslag til leiar og nestleiar i styret, samt medlemer av valnemnda. Nemnda konstituerer seg sjølv. Kvart år er eit av medlemene på val. Eit medlem som trer ut kan attvelges. Medlemene i VML kan foreslå kandidater for nemnda inntil 3 – tre – veker før årsmøtet.”

 

 


§ 8:      PROKURA

Styreleiaren har prokura.

 


§ 9:      VEDTEKTSENDRINGAR:

9.1. Forslag til vedtektsendringar skal sendast styret seinast 3 – tre – månader før årsmøtet.

9.2. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei avgitte røystene på eit ordinært årsmøte, eller simpelt fleirtall på to ordinære årsmøte etter kvarandre.

9.3. Vedtatte vedtektsendringar blir gjeldande frå det tidspunkt årsmøtet er avslutta, så sant ikkje vedtaket seier noka anna.

9.4. Ordlyden i § 1 om eigendomsretten til samlingar og hus kan ikkje endrast.


§ 10:    OPPLØYSING

10.1. VML kan oppløysast på bakgrunn av innsende forslag om vedtektsendring. Slikt forslag skal først vere oppe på ordinært årsmøte. VML kan oppløysast dersom 2/3 av dei røysteføre stemmer for på det ordinære årsmøtet, og mindre enn 1/3 av alle røysteføre medlemmer stemmer mot dette ved påfølgande uravstemming.

10.2. Eventuell medel utanom dei samlingane og dei eigedomane som er nemnde i § 1 går til Helgeland Museum. Det same gjeld VML-arkivet.

 

Vedtatt på årsmøte i VML 16. juni 2010, og revidert 11. juni 2013